Hopp til innhold
X
Innhald

Sannsynsrekning

Sannsynsrekning er ei grein frå matematikken som opphavleg skreiv seg frå problemstillingar i samband med hasardspel på 1600-talet. Metoden vart grunnlagt av Fermat og Pascal, som i 1654 i ei brevveksling over nokre månader utvikla nokre av hovudsetningane.
I moderne tid har ei rekkje forskarar utvikla og vidareført sannsynsrekninga. I 1933 utarbeidde Kolmogoroff det aksiomsystemet som vert nytta i matematiske framstillingar av sannsynsrekninga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012