Hopp til innhold
X
Innhald

Sfærisk trekant

Sfærisk trekant er ein trekant som ligg på ei kuleflate, og slik at sidene til trekanten kjem av storsirklar på kuleflata. Vinkelsummen i ein sfærisk trekant er alltid større enn 180o. Læra om samanhengar mellom vinklar, sider og areal i ein sfærisk trekant vert kalla sfærisk trigonometri. Polarkoordinat i rommet vert kalla sfæriske koordinatar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012