Hopp til innhold
X
Innhald

Sirkel

Sirkel er ein plan figur avgrensa av ei krum line som har same avstand frå eit visst punkt overalt: sentrum. Omkrinsen vert kalla periferien; avstanden frå sentrum til periferien radius (r); tverrmålet diameter (2r). Ei rett line som skjer sirkelen i to punkt, vert kalla ein sekant; den delen av lina som ligg mellom dei to punkta, vert kalla ein korde; den delen av sirkelflata som ligg mellom korden og sirkelbogen mellom dei to punkta, vert kalla eit segment. To radiar dannar ein sentralvinkel; dei avskjer ein sektor av sirkelflata. Ei rett line som rører ved sirkelen i eitt einaste punkt, vert kalla ein tangent.
Forholdet mellom omkrins og diameter vert namngitt med den greske bokstaven π (pi); omkrinsen er 2πr; arealet πr²; talet π = 3,14159265...

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012