Hopp til innhold
X
Innhald

Sirkelkvadratur

Sirkelkvadratur vil seie å konstruere (med passar og linjal) sida i eit kvadrat med same areal som ein gitt sirkel. Problemet vart stilt opp i oldtidshellas, men først i 1882 prova den tyske matematikaren Lindemann at det er uløyseleg. Provet byggjer på at talet π (pi) er eit transcendent tal.  

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012