Hopp til innhold
X
Innhald

Spelteori

Spelteori er ein matematisk teori som først vart utvikla av John von Neumann i 1928. Teorien skildrar ein spelsituasjon med to spelarar og dei moglege strategiane dei har overfor kvarandre.
Teorien er overført til ei lang rekkje felt, som økonomi, militærteori, sosiologi osv. I sosialøkonomien er han særleg vorten vidareført til situasjonar med fleire enn to spelarar av amerikanaren John Nash, som fekk Nobelprisen i økonomi i 1994 saman med tyskaren Reinhard Selten og ungarsk-amerikanaren John Harsanyi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012