Hopp til innhold
X
Innhald

Spiral

Spiral har fleire tydingar:  Geometrisk tyding: Kurve som går rundt eit punkt, polen, i eit uavgrensa tal på vindingar. Spiralar kan òg vere romkurver, og skil seg då frå skruelina (heliks) ved at spiralen har varierande avstand frå ein akse gjennom polen, medan skruelina har ein konstant avstand frå aksen. 
Medisinsk tyding: Livmorinnlegg i plast eller plast og kopar som plassert i livmora påverkar miljøet slik at egget som er befrukta, ikkje vert implantert i slimhinna. På grunn av faren for infeksjonar som kan gi sterilitet, vert ikkje spiral tilrådd for kvinner som ikkje har fødd.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012