Hopp til innhold
X
Innhald

Styreline

Styreline. I teorien om kjeglesnitt (parabel, ellipse og hyperbel) er styrelina ei rett line som høyrer til kvart brennpunkt for kurva. Forholdet mellom avstanden frå eit vilkårleg punkt på kurva til brennpunktet og til styrelina er konstant. Parabelen har éi styreline, medan ellipsen og hyperbelen har to kvar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012