Hopp til innhold
X
Innhald

Sylinder

Sylinder er ein lekam som er tenkt danna ved at ei rett line vert parallellforskuva langs ei stengd kurve. Sylinderen er avgrensa av to parallelle, plane flater, grunnflatene (g). Den loddrette avstanden mellom dei er sylinderhøgda (h). Den rette lina mellom tyngdepunkta i grunnflatene er aksen. Volumet er V=g.h.
Sylindervolum er i daglegtale slagvolumet i ein motorsylinder. Det vil seie den delen av sylindervolumet som stemplet går gjennom i ei arbeidstakt. Ved fleirsylindra motorar er sylindervolumet summen av slagvoluma til alle sylindrane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012