Hopp til innhold
X
Innhald

Symmetri

Symmetri (frå gresk), matematisk, er mest kjend i samband med symmetriske figurar. Ein plan figur er symmetrisk viss det finst ei rett line, symmetriaksen, som deler figuren i to delar som er spegelbilete av kvarandre. På same måten er ein lekam i rommet symmetrisk viss det finst eit plan, symmetriplanet, som deler lekamen i to delar som er spegelbilete av kvarandre. Ein funksjon av fleire variablar er symmetrisk viss han held seg uendra når variablane vert bytte om.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012