Hopp til innhold
X
Innhald

Tal

Tal er grunnomgrepet i aritmetikken. Den vanlege talrekkja 1, 2, 3, ... omfattar dei naturlege heile tala. Denne vert utvida med dei negative tala: -1, -2, -3, ... For at alle tal skal kunne dividerast med eit anna (likevel ikkje med null), vert (positive og negative) brøkar innførte. Til saman utgjer desse dei rasjonale tala.
For å kunne finne løysinga på likningar av typen x2 = 2, vert dei irrasjonale tala innførte; √2 er eit slikt tal. Dei rasjonale og irrasjonale tala utgjer dei reelle tala. Likninga x2 = -1 vert likevel ikkje tilfredsstilt av noko reelt tal. Difor vert dei imaginære tala innførte av forma ai, der a er eit reelt tal og i = √-1. Det gir i sin tur komplekse tal av forma z = ai + b, der a og b er reelle tal og i = √-1.
Algebraiske tal er røter i algebraiske likningar med rasjonale koeffisientar. Tal som ikkje er algebraiske, vert kalla transcendente.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012