Hopp til innhold
X
Innhald

Tangent

Tangent (frå latin tangere, røre ved). Matematisk: Ei rett line som tangerer (rører ved) ei kurve i berre eitt punkt. I ein sirkel dannar tangenten ein rett vinkel med radien i alle punkt.
Er ei kurve gitt med funksjonen y = f(x), er tangens til tangentvinkelen v med x-aksen gitt med likninga tan v = f '(x), sjå differensialrekning.
I eit visst punkt (a,b) er tan v = f '(a).
I musikken er tangent er gjengs uttrykk for tast. Eigentleg stift festa til tasten i ulike strengjeinstrument.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012