Hopp til innhold
X
Innhald

Tilnærmingsverdi

Tilnærmingsverdi. I målingar eller utrekningar av storleikar vil det vanlegvis vere uråd å finne, eller ugunstig å nytte eksakte (det vil seie nøyaktige) verdiar. Til dømes er 1/3 = 0,333... Her er 0,3 tilnærmingsverdi, og 0,33 er ein betre tilnærmingsverdi. Mange spesielle tal i matematikken vert i praksis gitt med ein tilnærmingsverdi.
Til dømes nyttar ein vanlegvis verdien 3,14 som tilnærmingsverdi for talet π. At til dømes 1,73 er ein tilnærmingsverdi til √3, skriv vi slik: √3 ≈ 1,73.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012