Hopp til innhold
X
Innhald

Trekant

Trekant eller triangel er ein plan figur, avgrensa av rette liner. Summen av vinklane i ein trekant er 180o. Ein skil mellom spissvinkla trekantar der alle vinklar er mindre enn 90o, rettvinkla trekantar der éin vinkel er 90o, dei hosliggjande sidene vert kalla kateter og det motståande hypotenus, og stumpvinkla trekantar der éin vinkel er større enn 90o. I ein likesida trekant er alle sider like og alle vinklar 60o. I ein likebeina trekant er to sider like store. Normalen frå eit hjørne til den motståande sida (grunnlina) vert kalla høgda. Arealet er produktet av halve grunnlina og høgda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012