Hopp til innhold
X
Innhald

Vektor

Vektor (frå latin vector, berar). Biologisk tyder vektor levande vesen, til dømes insekt, som overfører smitte. 
Matematisk tyding: Storleik som er avgjort av måltal og retning, til dømes fart og tyngd. Geometrisk kan ein vektor vere representert av eit linestykkje med ei viss lengd og ei pil som viser retninga. I trykt skrift vert ein vektor dels karakterisert med feit skrift, dels med ein bokstav med ein strek eller ei pil over.
Alle vektorar kan reknast til eit koordinatsystem og verte oppløyst i komponentane sine, det vil seie projeksjonar på koordinataksane. Vektorrekning og -analyse vert særleg brukt i fysikk og teknikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012