Hopp til innhold
X
Innhald

Vinkel

Vinkel, matematisk, er ein geometrisk figur som vert danna av to strålar som går ut frå eit felles punkt: toppunktet. Vinkelen vert målt i den bogen der han skjer av ein sirkel med sentrum i vinkeltoppunktet, anten i gradar (heile sirkelen er 360o) eller radianar (heile sirkelen 2π).
Vinklar mindre enn 90o (rett vinkel) er spisse (konkave). Vinklar større enn 90o er stumpe (konvekse).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012