Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Are Helseth

Are Helseth, lege og 1. vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet frå Akershus, men har møtt fast sidan 2009.

Are Helseth er fødd 11. januar 1955 i Oslo og voks opp i Bærum. Han gjekk på Valler gymnas i 1971–74 og studerte medisin ved Universitetet i Oslo i 1975–81, var stipendiat for Kreftforeningen ved University of North Carolina og tok doktorgrad ved Universitetet i Bergen i 1989 med ei avhandling om sentralnervesystemet. Han er spesialist i patologi og generell kirurgi.
Helseth har vore overlege ved Bærum sykehus (1997–98) og sjefslege (1998–2000). Seinare har han vore helse- og sosialdirektør i Akershus fylkeskommune (2000–01), viseadministrerande direktør for Helse Aust RHF (2001–03), administrerande direktør ved Akershus universitetssjukehus (2003–05) og strategirådgivar i Helse Aust RHF (2005–06). Han var prosjektdirektør i Helse- og omsorgsdepartementet i 2006, administrerande direktør ved Fürst Medisinsk Laboratorium i 2007–09 og stortingsrepresentant frå Akershus for Arbeidarpartiet sidan 2009. 2009—2013 for Anniken Huitfeldt og for Marianne Aasen våren 2014.
Helseth var valkampleiar for Arbeidarpartiet i Bærum i 2005, revisor i 2007–08, medlem av styret i Bærum Arbeiderparti i 2006–07 og styret i Lommedalen/Bærums Verk Arbeiderparti frå 2008. Han er vararepresentant i Stortinget for Akershus, men møter fast for statsråd Anniken Huitfeldt frå 2009 og var saksordførar for samhandlingsreforma i 2010. Dei viktigaste politiske sakene hans er rusomsorg, bevare gode og skape nye løysingar på utfordringane i samfunnet no og i framtida.
Han har gitt ut A population-based survey of neoplasms of the central nervous system in Norway (1989), basert på doktoravhandlinga, og Kirurgi i allmennpraksis (1996) saman med Frode Samdal.
Helseth var leiar i styret for Helset Legesenter AS i 1996–2000 og er leiar i styret for Maikens Minnefond frå 2007.
Kjelder
Are Helseth, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=AREH [lesedato 3.3.2012]
Om Are Helseth på tv2.no: http://politisk.tv2.no/spesial/panelet/person/are-helseth [lesedato 3.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 21.05.2012
Sist oppdatert: 09.04.2014