Hopp til innhold
X
Innhald

Erik Waaler

Erik Waaler, 1903—97, var lege, professor i patologisk anatomi ved Universitetet i Bergen i perioden 1948–70 og rektor i perioden 1954–60. Han utarbeidde Waalers reaksjon, ei diagnostisk prøve for å påvise visse protein hos pasientar med leddgikt. Slike pasientar har eit protein i blodet som blir kalla Waalers faktor eller den revmatoidefaktoren.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.04.2012
Sist oppdatert: 26.04.2012