Faktaboks

Hans Olav Tungesvik
Fødd
22. mai 1936, Skånevik
Død
16. juni 2017
Hans Olav Tungesvik
Av /Stortingsarkivet.

Hans Olav Tungesvik var ein norsk lege og politikar frå Kristeleg Folkeparti (KrF) og tidlegare Venstre. Tungesvik vart utdanna lege ved Universitetet i Oslo i 1964 og vart spesialist i psykiatri i 1975. Han hadde eigen praksis i 1985–2008 og var også sjefslege ved Modum Bads Nervesanatorium i 1995–1997. Han vart mellom anna kjend for programposten Eit kvarter med legen i NRK i 1970–1976 og Betre kvardag i 30 nærradiostasjonar i 1986–1991.

Hans Olav Tungesvik var medlem av Kvinnherad kommunestyre i 1967–1969, og av Etne kommunestyre i 1971–1975. Han var leiar i Hordaland Venstre i 1972–1974. I 1975 gjekk han over til KrF og var stortingsrepresentant for Hordaland i 1977–1985. Han var leiar av Etne KrF i 1991–1995 og 1998–2006.

Tungesvik hadde også ei rekkje tillitsverv i organisasjonar. Han var formann i Noregs Mållag i 1965–1970 og formann i Folkeaksjonen mot sjølvbestemd abort i 1974–1975. I perioden 1993–2000 var han leiar i Representantskapet/Landsrådet for Den norske Misjonsallianse.

Tungesvik gav ut ei rekkje bøker. Mellom anna

  • 30 kvarter med legen (1974)
  • Velferd for ufødte (1975, red.)
  • Det følsomme sinn (1988)
  • Det gode livet (1989)
  • Nytt mot på livet (2000, svensk utg. 2002)
  • Spor av dine eigne: foreldre som nøkkel til sjølvinnsikt (2003, svensk utg. 2005)
  • Når kreft gir kraft (2006)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg