Hopp til innhold
Foto: «MooseBot», Flickr.com CC BY-NC-SA
Foto: «MooseBot», Flickr.com CC BY-NC-SA
X
Innhald

Hermann Rorschach

Hermann Rorschach, psykiater som forma ut den mykje brukte Rorschach-testen.

Hermann Rorschach, 1884–1922, var sveitsisk psykiater som i 1921 forma ut den mykje brukte Rorschach-testen som granskar fantasilivet til ein person, personlegdomsstrukturen og moglege sinnslidingar personen kan ha. Testen er samansett av ei rekkje plansjar med tilsynelatande meiningslause blekklattar som klienten får lagt framfor seg, og skal uttale seg om.
 
Illustrasjonen viser plansje 1 av ti frå Hermann Rorschach si bok Test – Psychodiagnostic Plates (1927). Foto: Falle i det fri
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.04.2012
Sist oppdatert: 04.01.2018