Hopp til innhold
X
Innhald

Hjalmar August Schiøtz

Hjalmar August Schiøtz, 1850–1927, var lege, professor i augesjukdomar og overlege ved Rikshospitalet i perioden 1901–20. Schiøtz konstruerte tonometeret, som måler trykket i det indre auget, i 1905. Han konstruerte òg ein elektrisk augespegel. Alt i 1883 innførte han sterilisering av instrument ved koking på Rikshospitalet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.04.2012
Sist oppdatert: 26.04.2012