Hopp til innhold
X
Innhald

Karl Evang

Karl Evang, 1902–1981, lege, sosialpolitikar og helsedirektør 1938–72. Evang var formann i Sosialistiske legers forening 1931–38. Etter siste verdskrigen gjorde han ein stor innsats i utbygginga av helsevesenet og spela ei sentral rolle innanfor Verdshelseorganisasjonen (WHO). Evang gav ut ei rekkje skrifter om medisinske og sosialpolitiske emne, mellom anna Populært tidsskrift for seksuell opplysning.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2012
Sist oppdatert: 22.03.2012