Hopp til innhold
X
Innhald

Louis-Ferdinand Céline

Louis-Ferdinand Céline er ein av dei største og mest omstridde franske forfattarane frå det tjuande hundreåret. Han skreiv stilistisk nyskapande romanar, men også hatefulle pamflettar i same stilen.

Louis-Ferdinand Céline (Louis Ferdinand Auguste Destouches) var fødd 27. mai 1894 i Courbevoie, utanfor Paris i Frankrike, og døydde 1. juli 1961 i Meudon, ein annan forstad til Paris. Som ung mann blei Céline send ut i den første verdskrigen, der han blei såra og erklært krigsudyktig. Han studerte seinare medisin i Rennes og i Paris og tok doktorgraden i 1924, med ei avhandling om den ungarske legen Ignaz Semmelweis. Avhandlinga blei utgitt som Céline si første bok.

Céline arbeidde som lege store delar av livet, men forfattarverksemda tok snart større plass. Som nyutdanna lege reiste han verda rundt på oppdrag frå organisasjonar som Rockefeller-stiftinga og Folkeforbundet, mellom anna til Sveits, USA, Kamerun og Cuba. I Frankrike var han privatpraktiserande lege frå 1927, før han fekk ei stilling på ein kommunal klinikk i 1929.

Den første, og største, romanverket til Céline tek opp i seg erfaringar både frå legeyrket og frå ferdene rundt i verda. I Reisen til nattens ende (1932) skildrar han fattigdom og sjukdom, krig, galskap og død tett på, i ein talemålsnær stil med sanselege skildringar og skremmande nihilisme. I Død på kreditt (1936) vidareutvikla Céline stilen sin, med hakkete setningar, grovskoren slang og eit drivande tempo. Denne stilen har sett djupe spor etter seg i den moderne romantradisjonen. Særleg beat-generasjonen i USA, med forfattarar som William S. Burroughs og Jack Kerouac, lét seg eksplisitt påverke av Céline.

Mot slutten av forfattarskapen dreg Céline stilen sin lenger enn langt. Ein utfordrande og interessant del av forfattarskapen er den såkalla «tyske trilogien», med romanane Fra slott til slott (1957), Nord (1960) og Rigodon (1969). Célines forteljar skildrar der ei flukt frå Frankrike mot slutten av andre verdskrigen, gjennom eit Tyskland i flammar og nord til Danmark. Språket speglar kaoset kring forteljaren, og historia er usamanhengande fortald.

Den «tyske trilogien» er bygd på Céline sine eigne krigsrøynsler. Sjølv om han står att som ein stor fornyar av fransk språk og litteratur, kjem han òg til å bli hugsa som ein glødande antisemitt. Han skreiv fire politiske pamflettar før og under krigen, og der gauv han laus særleg på jødar, men også kommunistar og andre. Han vanka i kollaboratørmiljø i Paris under krigen og fekk både motstandsrørsla og det franske rettsapparatet på nakken. Etter flukta frå Frankrike blei han fengsla i København, der han sat inne i eit og eit halv år. Sidan levde han i dansk eksil fram til 1951. Dei siste ti leveåra budde Céline i Meudon utanfor Paris. Han var då uforsona med og forbanna på samfunnet, og tok aldri noko oppgjer med eigen ideologi. Forbitringa og agget gav han fritt utløp for i litteraturen.

I dag er det framleis rekna som ein skandale at Céline ikkje fekk Goncourt-prisen for Reisen til nattens ende i 1932. I staden fekk han Renaudot-prisen for romanen. Han blei også tildelt krigskors og militærmedalje for innsatsen under den første verdskrigen, men i det allmenne minnet og medvitet om Céline står nok haldningane hans frå den andre verdskrigen sterkare.

 

Kjelder

Henri Godard: Céline scandale. Paris 1994

Milton Hindus: Céline. The Crippled Giant. New Brunswick 1997 [1950]

Julia Kristeva: Pouvoirs de l’horreur. Paris 1980

Frédéric Vitoux: La Vie de Céline. Paris 1988

 

Per Joachim Lund: «Louis-Ferdinand Céline – lege, forfatter, antisemitt», Tidsskriftet for Den norske legeforening, tidsskriftet.no, publisert 15.12.2005: https://tidsskriftet.no/2005/12/medisin-og-kunst/louis-ferdinand-celine-lege-forfatter-antisemitt [lesedato 10.4.2020]

 

Peikarar

Stig Sæterbakken: «Nei! Nei! Nei!», essay, vagant.no, publisert 13.12.2017

Eit av breva Céline sende til kona Lucette medan han sat i Vestre Fængsel i København, datert 8. og 9.8.1946. Omsett til dansk av Troels Hughes Hansen, vagant.no, publisert 13.12.2017

Først publisert: 28.09.2020
Sist oppdatert: 28.09.2020