Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Adolf Retterstøl

Nils Adolf Retterstøl, 1924–2008, lege og professor i psykiatri. Han var direktør ved Neevengården sjukehus i Bergen frå 1968, direktør ved Gaustad sjukehus og professor ved Universitetet i Oslo frå 1973. Han har skrive ei rekkje bøker om psykiatri og stoffmisbruk, mellom anna Sinnets labyrinter (1975) og Stoff og alkohol (1976).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2012
Sist oppdatert: 22.03.2012