Hopp til innhold
WIlhelm Reich. Ukjend fotograf. Ingen CC.
WIlhelm Reich. Ukjend fotograf. Ingen CC.
X
Innhald

Wilhelm Reich

Wilhelm Reich (1897–1957) var austerriksk lege og psykoanalytikar. 

Han var elev av Freud, men vart ekskludert frå den psykoanalytiske foreininga pa trettitalet. Reich var sosialist og kombinerte innsikter frå Marx og Freud i ein «seksualpolitisk» modell. Han var sterkt kritisk til nazismen, som han meinte utnytta fortrengingar av driftslivet til a skapa lydnad og underkasting. 

Han flykta til Noreg i 1934 og reiste vidare til USA i 1939. Han utvikla «karakteranalys» og «vegetoterapi», som var omstridd. Norske elevar var Sigurd Hoel, Ola Raknes og Nic Waal

Lars Amund Vaage har skrive romanen Den framande byen om Reich.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019