Hopp til innhold
X
Innhald

Abort

Abort i medisinsk forstand er å bryte av eit svangerskap før fosteret er levedyktig. Ein skil mellom spontan og provosert abort. Abort fører alltid til ein viss risiko for mora. Spontan abort startar som regel med bløding frå skjeden. Årsakene til spontanabort er mange. I mange tilfelle er fosteret ikkje levedyktig. Somme gonger kan det kome av sjukdom hos mor. Derimot er ulukker, fall og liknande sjeldnare opphav til spontanabort. Provosert abort kan skje med hjelp frå medikament eller instrument, sjå svangerskapsavbrot.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.12.2012
Sist oppdatert: 02.04.2014