Hopp til innhold
X
Innhald

Akkumulasjon

Akkumulasjon i medisinsk tyding er opphoping av stoff i organismen fordi det vert teke opp raskare enn det vert brote ned og skilt ut.

Kumulasjons-gifter er giftige stoff som i små dosar er ufarlege, men som organismen kvittar seg med langsamt eller ikkje i det heile. Slike stoff kan til dømes vere DDT, blysamband frå eksos og kadmiumsamband som er skadeleg i store mengder.

Kumulasjon er òg eit omgrep brukt innan politikken og jussen, sjå kumulasjon (politisk) og kumulasjon (juridisk).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.01.2013
Sist oppdatert: 06.08.2015