Hopp til innhold
 Akupunktur. Foto: NetDoktor.de, Flickr.com
Akupunktur. Foto: NetDoktor.de, Flickr.com
X
Innhald

Alternativ medisin

Alternativ medisin eller komplementær medisin er medisinske behandlingsformer og metodar, førebygging av sjukdom medrekna, som ikkje høyrer til tradisjonell skulemedisin og ikkje er underlagd dei same krava til vitskapleg verifikasjon.
Alternativ medisin spenner frå metodar med ein viss grad av dokumentasjon (akupunktur, kiropraktikk) via etablerte disiplinar utan vitskapleg basis (t.d. homøopati) til det reint spekulative. Tal frå 2005 syner at om lag kvar femte vaksne person i dei nordiske landa har brukt alternativ medisin minst éin gong.
 
Alternativ medisin er stort sett ufarleg. Men slike metodar kan gjere stor skade dersom dei fører til at ein ikkje søkjer legehjelp for sjukdomar der det finst god behandling.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.12.2012
Sist oppdatert: 07.03.2014