Hopp til innhold
 Jordmorstetostkop. Foto: UNICEF, Sverige, flickr.com
Jordmorstetostkop. Foto: UNICEF, Sverige, flickr.com
X
Innhald

Auskultasjon

Auskultasjon kjem frå latin auscultare som tyder å lytte. I medisinen er det lytting til lyden frå visse organ som hjarte, lunge, mage eller foster for å få opplysningar om tilstanden. Auskultasjon kan utførast direkte ved å leggje øyret mot overflata av kroppen eller indirekte med hjelp frå stetoskop.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.01.2013
Sist oppdatert: 03.01.2013