Behandlingsavgrensing er ein kortform for «avgrensing av behandling som forlengjer livet».

Faktaboks

Også kjend som

passiv dødshjelp

Ved behandlingsavgrensing avsluttar legane ei behandling som held oppe livet til ein pasient (til dømes respiratorbehandling eller dialyse), med den følgja at pasienten døyr. Alternativt unnlèt legane å setje i gang ei behandling som forlengjer livet hennar/hans. For eksempel hjarte-lunge-redning ved hjartestans eller antibiotikabehandling ved lungebetennelse. Også her er følgja at pasienten døyr.

Skilnad frå dødshjelp

Ved dødshjelp døyr pasienten derimot som direkte følgje av eit aktivt medisinsk tiltak. Ved behandlingsavgrensing døyr pasienten av grunnsjukdomen sin, sjølv om legane kunne ha halde pasienten i live gjennom medisinske tiltak.

Dette er grunnlaget for det gamle omgrepet «passiv dødshjelp», altså det at legane held seg passive og lèt vere å halde liv i pasienten. Men ein har gått vekk frå dette omgrepet fordi det tilslører skillet mellom behandlingsavgrensning og dødshjelp, og feilaktig gjer inntrykk av eit helsepersonell som forheld seg passivt til pasienten. Dette står i motstrid til at ein ved behandlingsavgrensing ofte intensiverer lindrande behandlingstiltak.

Lovregulering

Behandlingsavgrensing er tillate etter pasient- og brukerrettslova og Den norske legeforenings Etiske regler for leger.

Behandlingsavgrensing kan bli sett i verk både for samtykkjekompetente pasientar og for ikkje-kompetente, til dømes pasientar i koma eller med demens. For dei sistnemnde vil eit livstestament vere til hjelp for avgjerda til legane.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg