Hopp til innhold
X
Innhald

Diatermi

Diatermi er ein fysikalsk metode for medisinsk varmebehandling av sjuke organ. Vevet vert utsett for høgfrekvent vekselstraum ved låg spenning. Det fører til auka blodgjennomstrøyming. Kortbølgjebehandling er ei form for diatermi.
 
Diatermi er òg ein kirurgisk metode der ein brenn av vev, til dømes stoppar såkalla sivbløding, som er ein langsam jamn bløding frå eit sårområde, gjennom blodkar som ikkje kan underbindast fordi dei er for små.
 
Ei form for diatermi som vert kalla elektrolyse, vert brukt for å fjerne hår med å føre ei nål ned i hårsekken og dermed øydeleggje han.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.01.2013
Sist oppdatert: 07.01.2013