Hopp til innhold
 Escherichia coli, foto: Nathan Reading, flickr.com
Escherichia coli, foto: Nathan Reading, flickr.com
X
Innhald

Escherichia coli (E. coli)

Escherichia coli, ofte forkorta E. Coli eller kalla «colibakterien», er den viktigaste bakterien i den aerobe delen av tarmbakteriefloraen. Utanfor tarmkanalen er bakterien årsak til ei rekkje infeksjonar som urinvegsinfeksjonar, sårinfeksjonar og lungebetennelse.

«Colibakterien» vert i stor grad brukt til laboratorieforsøk i samband med arveforsking, bioteknologi og stoffskiftekjemi.
 
Når Escherichia coli førekjem i drikkevatn, vert det tolka som teikn på at det er tilsig av kloakk eller avføring og dermed fare for smitte frå andre bakteriar og mikrobar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.12.2012
Sist oppdatert: 10.06.2019