Hopp til innhold
X
Innhald

Frambøsi

Frambøsi kjem frå det franske ordet framboise som tyder bringebær. Ordet vert brukt om infeksjonssjukdomar som er utbreidde i tropane og kjem av den korketrekkjarliknande bakterien (spirochæten) Treopnema pertenue. Smitten vert overført både med kontakt og med fluger og dannar bringebærliknande knutar i huda. Frambøsi vert lækt med penicillin.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.01.2013
Sist oppdatert: 07.01.2013