Hopp til innhold
X
Innhald

Hjartetransplantasjon

Hjartetransplantasjon er overføring av eit friskt hjarte frå ein person som nettopp er død, til eit menneske med alvorleg hjartesvikt. Den første vellukka hjartetransplantasjonen vart gjord av den sørafrikanske legen Christiaan Barnard 3. desember 1967. Pasienten døydde av lungebetennelse 21. desember same året. Den første hjartetransplantasjonen i Noreg vart utført på ei 22 år gamal kvinne på Rikshospitalet i Oslo 7. november 1983. Trongen for slike transplantasjonar i Noreg er mellom 25 og 30 i året.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.01.2013
Sist oppdatert: 07.01.2013