Hopp til innhold
X
Innhald

Hypokonder

Hypokonder kjem frå det greske ordet hypo, som tyder under, mindre, og khondros, som tyder brusk eller brystbrusk. Ein person som lir av hypokondri, har overdriven frykt for å vere eller verte sjuk. Følgjeleg har han eller ho lett for å innbille seg at han eller ho lir av sjukdom. I antikken trudde dei at sjukdomane hadde sete i partiet under ribbeinsbruskane, det såkalla hypochondriet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.01.2013
Sist oppdatert: 07.01.2013