Hopp til innhold
X
Innhald

Idiosynkrasi

Idiosynkrasi er i daglegtale ein sterk, personleg motvilje mot noko. I medisinen er det uttrykk for ein unormal reaksjon på eit legemiddel, som oftast fordi pasienten er uvanleg kjenslevar for verknaden av dette. Idiosynkrasi er ikkje det same som allergi. Idiosynkrasi går på mengda, medan allergi går på arten av det tilførte stoffet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.01.2013
Sist oppdatert: 03.01.2013