Hopp til innhold
X
Innhald

Klimakteriet

Klimakteriet er namnet på overgangsalderen til kvinna. Det er perioden då menstruasjonen sluttar som følgje av endringar i hormonproduksjonen til eggstokkane, såkalla menopause. Kvinna er då ikkje lenger fruktbar. Omstillingane i kroppen kan mellom anna vere årsak til sveittebrot og hetebølgjer, og er for mange ei psykisk påkjenning. Klimakteriet kjem normalt mellom 45 og 55 år, men kan kome både tidlegare og seinare.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.01.2013
Sist oppdatert: 07.01.2013