Hopp til innhold
X
Innhald

Klinikk

Klinikk kjem frå gresk kline, som tyder seng. Namnet vert brukt om ein spesialisert behandlingsinstitusjon, til dømes barneklinikk eller psykiatrisk klinikk. Det kan òg brukast om symptoma og utviklinga av ein sjukdom eller om studiet av sjukdomar gjennom direkte observasjon av pasientar.
Ein klinisk diagnose er ein diagnose stilt etter observasjonar utan hjelp frå laboratorieundersøkingar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.12.2012
Sist oppdatert: 21.12.2012