Hopp til innhold
X
Innhald

Legeassistert sjølvmord

Legeassistert sjølvmord, omgrep som blir brukt om den forma for aktiv dødshjelp der legen utstyrer ein pasient med (ein resept på) ein dødeleg dose medisin som pasienten sjølv kan bruke for å gjere sjølvmord. Vanlegvis blir det føreskrive ein mikstur med ein stor dose barbiturat (kraftige sovemedisinar). Legeassistert sjølvmord blir praktisert i dei amerikanske delstatane Oregon (difor «Oregonmodellen»),Washington og Montana, og i Sveits.

Først publisert: 09.07.2012
Sist oppdatert: 23.08.2012