Hopp til innhold
X
Innhald

Placebo

Placebo kjem frå latin og tyder "eg skal vekkje godhug". I medisinen er placebo eit verknadslaust medikament som vert brukt i legemiddelutprøving av medikament der verknaden vert målt etter den subjektive opplevinga pasienten har av effekten.
 
Placebo kan òg nyttast ved psykiske smerter der trua pasienten har på at han får eit medikament som verkar, er nok til å oppheve smertene.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.01.2013
Sist oppdatert: 03.01.2013