Hopp til innhold
 P-pillar. Foto: Amber Mcnamara, flickr.com
P-pillar. Foto: Amber Mcnamara, flickr.com
X
Innhald

Prevensjon

Prevensjon kjem frå det latinske ordet praevenire som tyder å kome i forkjøpet, hindre, førebyggje, hindring. Prevensjon er svangerskapsførebyggjande metodar for å hindre befruktning. Naturlege metodar kan vere avbrote samleie: at mannen dreg penis ut av skjeden før sædavgang, eller sikre periodar: å unngå samleie i tida før og etter eggløysing. Desse metodane er usikre.
 
Mekaniske metodar er å bruke kondom: ei gummihylse som vert rulla over penis, pessar: ein gummikopp som ein set under livmora, eller spiral: eit innlegg i livmora som hindrar egg i å feste seg. Desse metodane er relativt sikre. Kjemiske metodar er sæddrepande medikament som vert plasserte i skjeden. Metoden er usikker, men vert tilrådd saman med pessar.
 
Hormonelle metodar er variantar av kvinnelege kjønnshormon i tablettform, som p-pillen. Metoden er sikker, men vert ikkje tilrådd til kvinner over 35 år som røykjer. Ingen av desse metodane er 100 prosent sikre. Sterilisering vil seie å skjere over eggleiarane til kvinna eller sædleiaren til mannen. Dette vert rekna for å vere ein heilt sikker metode, men inngrepet er endeleg.
 
På grunn av aukande spreiing av kjønnssjukdomar tilrår ein i dag kondomet som òg vernar mot smitte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.12.2012
Sist oppdatert: 21.12.2012