Hopp til innhold
X
Innhald

Residual-

Residual- kjem frå latin residuum som tyder rest. I medisinen er tydinga rest- eller resterande. Residual-luft er den lufta som er att i lungene når ein pustar ut så djupt som råd. Hos vaksne er det om lag 1 liter. Residual-lamming er ein varig rest av lamming til dømes etter eit hjerneslag. Residual-urin er den urinen som er att i blæra etter urinering.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2013
Sist oppdatert: 09.01.2013