Hopp til innhold
X
Innhald

Rettsmedisin

Rettsmedisin, medicina forensis, er medisinsk kunnskap brukt i rettstenesta. Ei særleg kjend grein i rettsmedisinen er rettspsykiatrien. Då skal dei sakkyndige avgjere om ein tiltalt var sinnssjuk eller medvitslaus i gjerningsaugeblinken eller om vedkomande har mangelfullt utvikla eller varig svekte sjelsevner.
Andre greiner av rettsmedisinen er rettspatologi, rettsodontologi, rettstoksikologi og rettsgenetikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.01.2013
Sist oppdatert: 03.01.2013