Hopp til innhold
X
Innhald

Senkingsreaksjon

Senkingsreaksjon (SR) er ein klinisk undersøkingsmetode som gir ein indikasjon på helsetilstanden til pasienten. Når nytappa blod tilsett antikoagulasjonsmiddel står i ro, vil blodcellene søkke slik at det vert danna eit lag med berre blodplasma øvst. Blodcellene søkk langsamt i blod frå ein frisk person, hurtigare i blod frå gravide kvinner eller personar med visse sjukdomar, særleg infeksjonar og kreft.
Senkingsreaksjon vil seie talet på millimeter blodplasma som vert danna over blodcellene etter éin time. Det normale er opptil 10 hos menn og opptil 20 hos kvinner. Talet aukar i høgare aldersgrupper.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2013
Sist oppdatert: 09.01.2013