Hopp til innhold
X
Innhald

Sosialmedisin

Sosialmedisin er læra om relasjonen mellom samfunn og helse. Han tek dels for seg dei tilhøva i samfunnet som synest å vere ei tyngd for helsa, dels kva verknader sjukdomane til einskildindivid og det å vere sjuk har å seie for samfunnet.
 
Sosialmedisin er ein tverrfagleg vitskap som bind saman den tradisjonelle legevitskapen og sosialvitskapane. Heile det offentlege sosial- og helsevesenet kjem òg innunder studieområda til sosialmedisinen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2013
Sist oppdatert: 09.01.2013