Hopp til innhold
X
Innhald

Stafylokokkar

Stafylokokkar kjem frå det greske ordet stafyle som tyder drue, og kokkos som tyder korn eller kjerne, og er bakteriar som førekjem i drueklaseliknande grupper. Stafylokokkane er dels uskuldige og kan dels gi alvorlege infeksjonar i lungene, hjernehinna og indre organ. Opphavleg var stafylokokkar kjenslevare for penicillin, men omfattande bruk har ført til aukande resistensutvikling. Resistente stafylokokkar har vorte eit vanskeleg og dyrt problem i mange land.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2013
Sist oppdatert: 06.08.2015