Hopp til innhold
X
Innhald

Streptokokkar

Streptokokkar kjem frå det greske ordet streptos (‘kjede’) og kokkos (‘korn’, ’kjerne’), og er runde bakteriar som opptrer i kjeder, og som kan gi skarlaksfeber, brennkoppar, rosen, giktfeber, nyrebetennelse, bronkitt, lungebetennelse og hjernehinnebetennelse hos menneske. Bakteriane kan gi jurbetennelse hos kyr. Visse artar streptokokkar kan nyttast i osteproduksjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.01.2013
Sist oppdatert: 07.03.2014