Hopp til innhold
X
Innhald

Trikin

Trikin kjem frå gresk trikhinos og tyder det som er laga av hår. Trichinella spiralis er ein rundorm der hoa er 3–4 millimeter og hannen er 1,5 millimeter lang. Hoa borar seg inn i tarmveggen til verten, og ungane vert førte med blodet og lymfa til musklane der dei kapslar seg inn. Når kjøtet vert ete, løyser kapslane seg opp. Larvene vert fri og veks i tynntarmen opp til kjønnsmodne individ, tarm-trikin, som reproduserer seg. Åtaket i musklane fører til trikinose.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2013
Sist oppdatert: 09.01.2013