Hopp til innhold
 Influensavirus sett i elektronmikroskop. Foto: Sanofi Pasteur, flickr.com
Influensavirus sett i elektronmikroskop. Foto: Sanofi Pasteur, flickr.com
X
Innhald

Virus

Virus er årsaka til meir enn halvparten av dei kjende, smittsame sjukdomane.

Virus kjem frå latin og tyder eigentleg gift.
I medisinen er virus ein sjukdomsfremjande partikkel som kan gå til åtak på dyre-, plante- eller bakterieceller, men det kan ikkje formeire seg utanfor ein levande organisme. Virus er så små at dei berre kan observerast gjennom elektronmikroskop. Dei har som regel ein kjerne av nukleinsyrer, DNA- eller RNA-molekyl, omgitt av ei  proteinkappe.
Når viruset kjem i kontakt med ei levande celle, trengjer det inn i henne og tek kontroll over cellestoffskiftet og brukar det til å produsere nye virus. Virus er årsaka til meir enn halvparten av dei kjende, smittsame sjukdomane.
I dataverda vert virus òg brukt om åtak på programvaren, såkalla datavirus.
Peikarar

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.01.2013
Sist oppdatert: 07.03.2014