Hopp til innhold
X
Innhald

Amok

Amok er ei form for raserianfall hos malayane, jamfør den norske berserkgangen. Amokløparen går til åtak på alle han møter, og kan skade både dei og seg sjølv. Når anfallet er over, hugsar han ikkje noko. "Å gå amok" vil seie å misse fatninga av raseri.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012