Hopp til innhold
X
Innhald

Manisk-depressiv sinnsliding

Manisk-depressiv sinnsliding eller bipolar liding er ein mental sjukdom med vekselvis maniske og depressive periodar. Mellom periodane kan pasienten ha god psykisk helse. Årsaka er ukjend, men arv er viktig. Den maniske fasen er kjenneteikna med at personen er oppstemt, hyperaktiv, kjem med mange innfall og ofte er ukritisk. I den depressive fasen som ofte følgjer den maniske, ser den sjuke alt mørkt, pessimistisk, kjenner seg mindreverdig, er passiv og tiltakslaus. Depressive anfall kan òg kome åleine. Sjølvmordsfaren er stor. Sjukdomen vert behandla med medisinar. Alvorlege tilfelle treng innlegging på sjukehus og ofte sjokkbehandling.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012